Hustveitgarden

Hustveitgarden Hustveit er ein nedlagd høgdegard tvers over dalen for Tvinnefossen på Voss. Han var ordførar i tidsrommet 1837-41 og 1850-57. Hustveit er ikkje ført upp i 1661.

Dette symboltunge kulturminnet var heimen til David Hustveit, Voss sin første ordførar. Eigedomen har vore i kommunal eige, men vart overførd til Stiftinga Hustveitgarden i 2018 Hustveit har sidan 1952 vore eigd av Voss kommune, då dei fekk den i gåve frå etterkommarane til David Hustveit. David Larsson Hustveit (1796-1870), vart Voss sin fyrste ordførar, då formannskapslovene var innført i 1837.

Det er fem verneverdige bygningar på garden, samt eit sel på stølen Helset. Private paktarar har hatt hånd om Hustveit sidan 2003. Frå Vossaboki bind 2:
Hustveit
Namnet på denne garden vert i 1695 skrive Henrichstuedt. Det vert no sagt Hèndéstveitè; han búr pao, è tao Hèndéstvèit'né, ska pao Hèndéstveitè. Dette namnet er samansett av mannsnamnet Hendrik og tveit (slåtte, rudning). Det nye namnet Hustveit er vel ei nylaging. I 1723 er garden skriven for Hendrikstvedt, hadde då ein brukar og 1 pund i skyld, skog til husvøling og til brensel. Garden var tungvinn og årvand, og hadde ei flaumkvern. Skyldi var likeins i 1838 og er då umskrivi til 2 dalar 15 skill. Der var då og brennefang. Samanlikningstalet var 320. Matrikkelen 1865 fører upp 8¾ mål åker, 2 mål dyrka eng, 10,5 mål god, 6 mål medels natureng og 10 mål skrapebø. Vårhamni var ring, men sumarhamni medels. Der var vedaskog og noko lite timber. Garden var svært tungvinn, utsett for sviding og var dyrka som vanleg. For 1918 vantar uppgåvor. På Hustveit budde 6 menneske i 1801, 10 i 1865 og 3 i 1920. Fødnad og avling (i tunnor) på Hustveit. Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 7 9 4 ½
1865 1 8 20 20 16


Henrikstveit ser ein ikkje nemnt i noko manntal fyrr 1664. Då budde Jon Hallsteinson der. Skyldi var 1 pund. Det vert fortalt at Henrikstveit fyrst var rudt til husmannsplass, og at det må ha vore ein Henrik som har bygt og rudt der. Lars Sjurson var leiglending på Munkelivgodset på Hustveit i 1661. Kongen har i 1662 skøytt 1 pund Munkelivgods til Hermann Garmann. Klas Miltzow fekk skøyte på garden i 1677 frå Hermann Garmanns ervingar. Olav var brukar i 1691. Nils Leiddal var eigar og brukar i 1695. Lars Samsonson er skriven som odelsbonde i 1701. Han var f. 1662, g. m. Ingebjørg Knutsdr. og døydde 1741. Segni segjer at han skulde vera frå Hefte og ho frå Leiddal. Dei hadde fire born: Samson, Brita f. 1704, g. 1730 med Lars Gudleikson Gjøastein, Ingebjørg g. 1735 med Lars Torkjelson Røyrlidi og kom til Skår i Seims sokn, Nordhordland, Gjertrud f. 1714. Bruttomidelen ved skifte 1741 var 57 rd. Samson Larsson f. 1699, g. 1728 med Anna Gudleiksdr. fekk skøyte frå far sin på garden i 1737 for 40 rd. Samson døydde 1782 og hadde to døtter, Sisselja og Brita. Ho Brita var f. 1733 og g. 1769 med Lars Knutson Tøn. Dei kjøpte gard på ei øy nordanfor Bergen og skal ha mange etterkomarar. Ho Sisselja var f. 1729, g. 1756 med David Ivarson Kvårmo f. 1729. Han var frå Nedre Klyve og fekk halve garden hjå far hennar i 1756 og resten i 1769. Sju born: Lars f. 1758, Eiliv f. 1768, budde på Hjellen 1795, Gudve f. 1756, g. 1786 med Lars Olavson Gjøastein, paktar i Brekke i Granvin 1795, Ingebjørg f. 1761, g. 1787 med Styrk Anderson Haug, husmann på Leiddal i 1795, Anna f. 1770, g. 1796 med Per Person Kvilekvål, Gjertrud f. 1774, G**o f. 1778, g. 1819 med Knut Isakson Lae. Lars Davidson f. 1758, g. 1. 1794 med Ragnhild Tormodsdr. Brattåker, 2. 1807 med Kari Torkjelsdr. Lund og døydde 1846. Lars fekk garden i 1790. Han hadde med Ragnhild sonen David og med Kari sonen Torkjel f. 1813, død ugift 1840. David Larsson Hustveit f. 1796, var gift 1829 med Anna Monsdr. Bokkatun, og døydde 1870. Han fekk farsgarden i 1808 og 1812. David var skulemeister, fyrste ordføraren på Voss, forlikskommissær, valmann, formann i matrikkeleringsnemndi for Voss i 1830-åri og var mykje på takstar og skyn. David studerte på eigi hand framande språk, serleg tysk, umsette frå tysk og skreiv tysk. Stor boksamling hadde han av religiøse bøker, språkbøker, skulebøker og andre. Bygdi sette minnesmerke på gravi hans. Seks born: Lars, Mons f. 1832, g.m. Ingjerd Knutsdr. Afdal, gardmann i Holmedal og fylkesagronom i Sogn og Fjordane, Tormod f. 1834, død ugift 1905, Anders f. 1836, g. 1879 med Gjertrud Ivarsdr. Grjotland, Torkjel f. 1841, g. Sigvor Knutsdr. Jernes, lensmann i Granvin, Ivar f. 1844, g. Brita Davidsdr. Leiddal, skulelærar, Amerika. Lars Davidson f. 1830, fekk garden i 1862, men selde han 1875 til Torkjel, bror sin, for 1000 spd. og flytte til Tvinno, der Lars er meir umtala. Torkjel selde garden att for same pris til Anders, bror sin, i 1878. Han var g. Gjertrud Ivarsdr. Grjotland og døydde 1916. Sonen Lars, f. 1894, har no garden. Hustveit var fyrr mtrnr. 74, lnr. 151 med gamal skyld 1 pund, urevidert 2 dalar 15 skill., revidert 1 dalar 4 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,69. Støl. Stølen var ¼ mil frå garden i 1723 er det sagt. Han heiter Helset eller Leiddalsstølen og er i bruk. Ei kvern var det på Hustveit i 1723 og 1776. Ho vart rivi i slutten av 1800-talet. Utskifting var halde i 1897. Bumerke teikna på Hustveit. Lars Henrikstveit 1716, 1720 tavle 4 nr. 5. David Henrikstveit 1767, 1772, 1779 t. 4 nr. 53. Kjelde: Vossaboki II

EIN JUVEL BYRJAR SKINA Etter enno ein lang og god dugnadsdag, kan me med stor glede og tilfredsheit konstatera at tunet ...
14/08/2026

EIN JUVEL BYRJAR SKINA

Etter enno ein lang og god dugnadsdag, kan me med stor glede og tilfredsheit konstatera at tunet på Hustveit, ein kulturminnejuvel, skin stadig sterkare ! No er tunet rydda og slått, fleire vegger i bualoftet er måla, gamlastovo er rydda og vaska og har fått på plass nye langbord med meir.

Me gler oss til å visa dette fram til slekt frå USA som kjem til gards på måndag, og ikkje minst til dei som tek turen til Ope Hus laurdag 5. september kl 14. Denne tilstellinga er ein del av Kulturarvfestivalen i indre Vestland 2026

Tusen takk som dugnadsfolka som enno ein gong la ned mykje godt arbeid på Hustveit: Asle N, Svein Jarl H, Kjell K, Dag H, Kari T og Ingjerd D A !😊

SOMMAR, DUGNADER OG DIV ANNA Heldigvis fekk me eit par veker i juli med sol og varme slik at me fekk utført ein del vikt...
06/08/2026

SOMMAR, DUGNADER OG DIV ANNA

Heldigvis fekk me eit par veker i juli med sol og varme slik at me fekk utført ein del viktig arbeid i opphaldsver. Midt i juli hadde me helikopterflyging med diverse utstyr, innventar og materialar til både tunet på Hustveit og stølen på Helset. I tillegg fekk me hjelp av helikopteret til å få på plass ringar og kjegle i brønnen slik at den etterkvart kan takast i bruk.
Same dag fekk me hyggeleg besøk at familiane Midttun som slektar frå Hustveit.

I den korte tørre perioden vart resten av tunet slått og deler av bualoftet måla.

No er tunet sett i stand til å ta i mot Hustveitslektningar frå USA om vel ei veke og også dei som vil koma på Ope Hus laurdag 5.september kl 14. Me gler oss til begge deler !
Meir info om Ope Hus vil koma etterkvart i tillegg til det som er lagt ut under arrangement på FB.

Me vil få takka alle dei gode dugnadsfolka våre som har bidrege i denne omgang: Asle N, Olav R, Svein Jarl H, Eivind H, Terje Ø, Kjell K, Rune B, Per V, Jan Egil M og Ingjerd D A😊

Med steikane sol og sterk varme den siste tida, har graset i tunet på Hustveit skote fart og nesten vakse oss over hovud...
14/07/2026

Med steikane sol og sterk varme den siste tida, har graset i tunet på Hustveit skote fart og nesten vakse oss over hovudet. Heldigvis hadde me nok ein gong gode dugnadsfolk som tok tak trass i ein nesten uuthaldeleg varme🌞😎! No ser tunet bra ut til heliflyging og ein ny dugnadsdag på torsdag ! Tusen takk til Rune og Randi B👏

DUGNADS- OG SOMMARFESTOgså i år har me feira dei imponerande dugnadsfolka som legg ned ein uvurderleg stor innsats for å...
10/07/2026

DUGNADS- OG SOMMARFEST

Også i år har me feira dei imponerande dugnadsfolka som legg ned ein uvurderleg stor innsats for å restaurera og skapa ny aktivitet på Hustveit, heimen til Voss sin fyrste ordførar. Og for ei triveleg samkome det vart enno ein gong ! Etter at styreleiar Ingjerd hadde orientert om "rikets tilstand", dvs utført arbeid siste år og vidare arbeidsplanar framover, understreka ho at Hustveitarbeidet var som eit stort tannhjul som ikkje ville gå rundt uten at både små og store hjul verka og drog saman. Etterpå kosa me oss med god mat, ymse sannsoger og triveleg drøs med "artsfrender"(andre dugnadsfolk !)
Tusen takk til Liv og Per som opna heimen sin i Sævelid enno ein gong 😊👏! Også ei stor takk til Vossakjøt, Ringheimskafen og Haugamoen Dalegvarer for sponsing av mat, til Kari, Randi og Åse for nydelege kaker og til Marie som også denne gongen heldt styr på kjøkkenet og maten !

FANTASTISK DUGNADSDAG Ein våt og kald vår og forsommer  har lagt ein dempar på dugnadsarbeidet på Hustveit så langt i år...
16/06/2026

FANTASTISK DUGNADSDAG
Ein våt og kald vår og forsommer har lagt ein dempar på dugnadsarbeidet på Hustveit så langt i år. Då me no omsider fekk eit glimt av sommar igjen, tok 9 høgt motiverte dugnadsfolk turen til Hustveit idag. Og for ein innsats ! Nokre grov ein heilt ny brønn (for hand), andre jobba med inngjerding av tunet og vask av utvendig kleding på utedoen då denne var full av grønske og algevekst. Atter andre reinska tunet for store mengder saueskit, rydda i husa og veitte bort vatn frå den gamle stien/ferdselvegen. Snakk om mykje utført på kun ein dag 😊! Tusen tusen takk til Olav R, Asle N, Svein Jarl H, Ingebrigt N, Eivind H, Kjell K, Per V, Gerd B og Ingjerd D A👏☀️

SOMMAREN ER KOMEN PÅ HUSTVEITEndeleg er dei lange ljose dagane her igjen og me er dermed komne igang att med arbeidet på...
01/06/2026

SOMMAREN ER KOMEN PÅ HUSTVEIT
Endeleg er dei lange ljose dagane her igjen og me er dermed komne igang att med arbeidet på Hustveit. For eit par veker sidan vart dei nye vindauga i kleven (kjøkkenet) i gamlastovo sett inn av Asle N og Eivind H. Same dag vaska Ingjerd ut mykje muselort or nyastovo og Dag H fotograferte inventar m.m + rydda rundt omkring i tunet. Takk til alle fira !

I forrige veke hadde Voss Utferdslag tur til Hustveit i fint ver og med 30 deltakarar. Takk til alle som tok turen til Hustveit og til Asle N og Svein Jarl H som turleiarar!

Etter fleire svært travle år med mange restaureringsprosjekt og utførde dugnadstimar, har me bestemt oss for ein litt rolegare sommar uten dei store prosjekta i år. Me prøver igjen å få grave ut ein ny brønn og vil også prioritera inngjerding av tunet, vedahogst og div andre mindre prosjekt. Me skal også rydda og klargjere både bualoft, nyastovo og gamlastovo for meir bruk framover. Me ser fram til å kunna tilby alle Hustveitvener fleire tilstellingar i åra som kjem ! Dette året må de merka dykk Ope Hus laurdag 5.september kl 14 og me kjem tilbake med meir info seinare.

Velkomne til Hustveit i sommar😊!

Adresse

Vossevangen
5710

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hustveitgarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hustveitgarden:

Snarveier

Del