Øvre Hove Møbeltapetsering

Øvre Hove Møbeltapetsering Restaurering og fornying av gamle møblar. I tillegg har Øvre Hove Gard sal av lammeskinn av Villsau, og utsøkt kjøt av lam på bestilling.

Restaurering og fornyingar av gamle møblar. Lagar også nye møblar etter mål på bestilling. Salg av møbelstoff frå Innvik Sellgren Ullvare; dei har norskprodusert ullstoff av høg kvalitet. Dei har også vaskbart møbelstoff som passar fint til institusjonar. Leverer også møbelstoff frå Nevotex. Dei har bl.a.Skandinaviske, Britiske og Tyske møbelstoff som også inneheld høg kvalitet. Scan Aprima er ogs

å ein av leverandørane mine, med leveransar som Nevotex. Dei har alle stil-stoff, og møbelstoff både til private og offentlege bygg. Kan også levere skumplast til spesial-mål. Kom gjerne innom verkstaden for ein uforplikta prat om møbelet. Eg gir deg eit kostnadsoverslag før du tek ein bestemmelse om restaurering. Eg tek vare på gamal møbeltradisjon ved restaurering og fornying, som kan vare lenge i framtida. Gamal handverkstradisjon er vel verdt å ta vare på.

Ved neste snøkast er denne spissleden klar til å spenne hesten for, og ta ein køyretur. Treavdelinga på Vik Fengsel har ...
09/12/2024

Ved neste snøkast er denne spissleden klar til å spenne hesten for, og ta ein køyretur.

Treavdelinga på Vik Fengsel har restaurert treverket på denne spissleden. Stoppinga og omtrekkinga er i imitert skinn som toler fuktigheit.

Desse spisestolane, også kalla Prinsestol, har fått eit forlenga liv med nytt sete.Dei er trekt i møbelstoffet Foss frå ...
28/12/2021

Desse spisestolane, også kalla Prinsestol, har fått eit forlenga liv med nytt sete.
Dei er trekt i møbelstoffet Foss frå Kvadrat.

Omsying av Sognebunad.Det vart sytt, og påmontert, eit nytt bunadsliv. Den grøne borda med applikasjonane "holmer og skj...
31/10/2021

Omsying av Sognebunad.
Det vart sytt, og påmontert, eit nytt bunadsliv. Den grøne borda med applikasjonane "holmer og skjer", vart bytt ut og erstatta med eit svart fløyelsband.
Eit nytt forkle av svart damask vart det og.

Uvant å sjå Sognabunaden slik. Men den var nydeleg med denne fargekobinasjonen i lag med kvitskjorta, og med kvit sølv med forgylte lauv.

Høgrygga lenestol frå dei glade 70-åra. Med enkelheit, eleganse og god sittekomfort har denne gode slitaren no fått eit ...
29/03/2021

Høgrygga lenestol frå dei glade 70-åra. Med enkelheit, eleganse og god sittekomfort har denne gode slitaren no fått eit forlenga liv. I ei hytte frå 70-talet, vil denne passe godt inn.

Lenestolen er trekt i møbelstoffet Krus frå Kvadrat Innvik.
Skinnfellen er av Spelsaulam.
Treverket er rensa og behandla med Schellackpolityre.

Ein snedden liten gyngestol, til strikkeglade mor.Etter mange år i bruk, var det no tid for ei "omveltna".Stopping av ny...
08/02/2021

Ein snedden liten gyngestol, til strikkeglade mor.
Etter mange år i bruk, var det no tid for ei "omveltna".

Stopping av nytt sete, og trekt i møbelstoffet "Moldefjord" frå Fjord Fabrics.

Treverket har kunden sjølv pussa og måla.

Nokon som manglar julegåve til sin kjære? På Øvre Hove Gard finn du desse flotte varmande julegåvene. Desse varer lenge ...
20/12/2020

Nokon som manglar julegåve til sin kjære? På Øvre Hove Gard finn du desse flotte varmande julegåvene. Desse varer lenge lenge.

JULEGÅVEREr du i tvil kva som skal liggje fint innpakka, under juletreet, frå deg til dine kjære? Eg anbefalar utstyr so...
21/11/2019

JULEGÅVER
Er du i tvil kva som skal liggje fint innpakka, under juletreet, frå deg til dine kjære? Eg anbefalar utstyr som tek fint vare på bunaden din.

Som Pippi Langstrømpe sa; "-Dette har eg aldri gjordt før, så det går sikkert bra. "Her er resultatet: Sognebunad med da...
22/08/2019

Som Pippi Langstrømpe sa; "-Dette har eg aldri gjordt før, så det går sikkert bra. "

Her er resultatet: Sognebunad med damask-liv og fjellbord. Der det meste er laga lokalt.
Eg har utført dette handverksarbeidet med kyndig rettleiing frå bunadstilverkaren Synnøve Vange.

BRINGEBÆR-FESTIVAL 2019Kjem du? Eg kjem!Eg kjem med salsboda mi. Der skal eg selje nydelege lammeskinn av Villsau. Eg ha...
09/08/2019

BRINGEBÆR-FESTIVAL 2019

Kjem du?
Eg kjem!

Eg kjem med salsboda mi. Der skal eg selje nydelege lammeskinn av Villsau.
Eg har og med spekepølser av Villsau og av Kvitspel.
Velkommen til ein kjekke torghandel.

Hurra for 60-talet 😀. Enkle, lette og utruleg snaopne lenestolar. Dei 2 på det første bildet, fekk namnet "Pål" då desse...
10/04/2019

Hurra for 60-talet 😀.
Enkle, lette og utruleg snaopne lenestolar. Dei 2 på det første bildet, fekk namnet "Pål" då desse vart produsert på 60-talet på Møre. Dei vart trekt med møbelstoff frå KvadratInnvik (dengang; Innvik Uldvarefabrikk). Det første ull-boucle stoffet som vart produsert der. Eit utruleg slitesterkt møbelstoff.

Det artige her var at denne kunden ville på ny ha møbelstoff frå KvadratInnvik; som denne gong vart "Synniva". Med ein blandingskomposisjon der ull, viskose og lin skapar eit slitesterkt og glansfult møbelstoff.

Adresse

Hovevegen 33
Vik
6893

Telefon

+4795055584

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øvre Hove Møbeltapetsering legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Øvre Hove Møbeltapetsering:

Del