17/07/2026
No er svalgangen på plass på leikestoga og det kledde bygget veldig fint.
Mykje arbeid med å lage stolpar, tilebord, overligger med tapp og tverrbjelken over stolpane. Tverrbjelken er felt inn i sperrene og vil seinare få eit par pluggar som hindrar svala mot å helle innover.
Sida "alt" henger saman eller har ein "klauv" så var det godt med hjelp frå kjerringa for å få løfta og dytta heile svala på plass. Og den passa på første forsøk😄
Vindski med enkel dekor er og på plass.
Form på stolpar, dekor på vindski og profilering er henta frå gamle bygg i nærleiken.