21/10/2022
NYTT OPPLAG!
MØBELEVENTYRET VATNE - HISTORIEN OM VATNE MØBLER
Etter veldig mange henvendelser de siste årene, vil jeg nå trykke et nytt opplag av boken min, «Møbeleventyret Vatne», historien om Vatne Møbler.
Boken ble utgitt i desember 2015 i 500 eksemplarer og allerede i løpet 2016 var boken utsolgt.
For å finansiere et nytt opplag må boken kjøpes på forhånd i 150 eksemplarer. Prisen for boken er 450,- + evt. 70,- i frakt. Boken går etter planen til trykking ila januar 2023. Om ikke boken finansieres innen da får du pengene tilbake.
Bestilling gjøres på følgende måte:
Send bestilling til:
[email protected] med navn, adresse og mobilnr. (for sporing).
Betaling via VIPPS til 99160092 eller kontonr. 1202.32.07220
Om boken:
Knut Sæter var komen heim til Vatne i 1946 etter å ha fullført studiet på Kunst og handverkskulen i Bergen året før. No skulle altså draumen realiserast; å starte for seg sjølv. Med eit privat lån på 5000 kroner, kom han endeleg i gang.
Dette er glimt frå historia om eit sunnmørsk møbeleventyr, men også om menneska som var med og bygde draumen saman med Knut. Ved hjelp av dyktige designarar, medarbeidarar og optimistar. Utan dei hadde historia sett annleis ut. Frå dei første modellane som Knut teikna sjølv og til
samarbeidet med Gerhard Berg og Fredrik A. Kayser. Dei klassiske modellane som skulle bli ein del av omgrepet Scandinavian Design.
Og vidare til samarbeidet med Sigurd Resell og millionsuksessen Falcon. På slutten av 80-talet byrja samarbeidet med Olav Eldøy.
Boka er skrive av Amund Sæter (f. 1979) er nest eldste barnebarnet til grunnleggaren av VATNE MØBLER, Knut Sæter.Amund fekk oppleve den ekte “møbelatmosfæra” på Vatne heilt frå han var liten.
I 2012 bestemte han seg for å dokumentere historia om fabrikken til farfaren sin. Heilt frå den spede starten i 1946 og fram til 1989, då Stokke tok over drifta. I 2002 starta Per Arne Sæter, nest eldste son av Knut Sæter, oppatt drifta under navnet VATNE MØBLER. Boka er rikt illustrert med både tekst, bilder og interessante og artige fakta. Frå å vere ei lita kjellarbedrift det første året, skulle VATNE MØBLER etter kvart bli eit verdskjent navn, med design og kvalitet i fokus.