03/08/2023
Takk for turen!
Rallar AS er no parkert på Brreg-perrongen, men Rallarane er klar for nye eventyr! Vårt sterke fokus på Arkitektur, teknologi og tradisjonshandverk har no vorte tre nye og lovande greiner.
Det starta med eit ønskje om å ville lære noko meir. Lage arkitektur i lag. Ja, bygge den også. Kan det vere so vanskelig då? Me tok retteleg feil. Det har vore ekstremt vanskelig, men turen har vore bra, og me lært mykje! Når me no står på perrongen og skal ta nye tog, so ser me at vårt siste prosjekt viser at det faktisk går an å kombinere arkitektur, bygging og sunn økonomi i bedrifta.
Det går an å vere veldig god på noko smalt, eller det går an å vere OK god på mykje. Arkitektur og bygging gjer at eit firma må vere god på veldig mange felt. Samtidig.
Nettopp difor er det vakkert å kunne fortelje at Rallar har vorte tre nye greiner. Greina Symre Arkitekter skal fokusere vidare på kjerna vår, arkitektur. Rås er greina som skal fokusere på teknologi og vegen (råsa) frå arkitektur til moderne produksjon. Den tredje greina satsar fullt på ombruk, tradisjonshandverk og reell berekraftig oppsetjing av trebygg.
Arkitektur
Carla og Thea
www.symre.no
Parametri, automatisering og CNC
John
www.Rås.no
Ombruk og tradisjonshåndverk
Anders
[email protected]
Tusen takk til alle venar, kundar, mentorar, samarbeidspartnerar og andre støttespelarar. Det har vore ei framifrå fin reise!
Carla, Thea, Anders & John