20/02/2026
Takk for at dere la dette frokostmøtet til oss DNB
Tusen takk til DNB og til Lena Hetland Grønsberg frå DNB Carnegie som på dagens frukostmøte i Fabrikken presenterte økonomiske utsikter. Nokre punkt å ta med seg:
🔫 Samla sett er det eit positivt bilete for den globale økonomien, med vekst driven av investeringar i forsvar og kunstig intelligens.
🇺🇸 Det som skjer politisk som marknadsmessig i USA påverkar verdsøkonomien og oss her heime. USA har høgare vekst enn Eurosona og Storbritannia, mykje grunna produktivitet.
💹 Inflasjonen er venta å halde seg over målet på 2%, spesielt i Eurosona, noko som gjer det vanskeleg å kutte rentene dersom inflasjonen ligg nærmare 3%.
🏦 Deira spådom er at renta er venta å halde seg flat i Noreg. I USA og Storbritannia er små rentekutt venta, medan Sverige og Eurosona kan sjå renteaukingar grunna inflasjonspress. - Marknaden sine forventningar om fleire kutt er ikkje i tråd med våre prognosar, sa Grønsberg.
🛠️ Den norske økonomien viser motstandsdyktig vekst etter pandemien.
🏘️ Eigedomsmarknaden er venta å auke med 6% årleg dei neste fire åra.
🪙 Den norske krona har styrka seg, medan dollaren har svekka seg. DNB Carnegie forventar at euroen vil liggje på 11,80 mot norske kroner, noko som er sterkare enn fleire andre sine forventningar.
🤖 Analytikarane overvåker AI-oppturen tett, og ser ein veksttrend som liknar den før dotcom-bobla.