05/05/2026
Takk for 10 fantastiske år!
Det er med tungt hjarte me må dele at Timbla no er konkurs.
Dei siste 10 åra har vore ei reise fylt med skaparglede, utvikling og ekte handverk i heiltre. Me har fått lage alt frå makalause spisebord til innreiingar – ofte med personleg uttrykk som har gjort kvart produkt unikt.
Tusen takk til alle som har:- følgt oss her på sosiale medium– kjøpt produkta våre– heia på oss og tru på det me har bygd
De har vore ein avgjerande del av historia vår.
Ein ekstra stor takk til dei tilsette som har lagt ned arbeid, stoltheit og lidenskap i kvart produkt som har gått ut døra.
Sjølv om dette kapittelet no er over, vil minna og historiene leve vidare.
Takk for reisa!
Mvh høvdingen