Hørselsforbundet Vestland

Hørselsforbundet Vestland Hørselsforbundet Vestland - eit fylkeslag av Hørselsforbundet
(1)

06/01/2026

Våre kurs Hørselsrehabilitering tilbyr kurs for voksne som har nedsatt hørsel eller hørselsutfordringer, tinnitus, meniere, CI og balanseutfordringer. Finn ønsket kurs Samlet kurskalender Praktisk informasjon Henvisning fra lege er ikke nødvendig for å delta på kurs. Kurset er landsdekkende ...

KURS FOR BRUKARMEDVERKARARFFO inviterer til kurs på FI-senteret i Bergen laurdag 31. januar                             ...
05/01/2026

KURS FOR BRUKARMEDVERKARAR
FFO inviterer til kurs på FI-senteret i Bergen laurdag 31. januar

Alle som er interessert i å vera brukarmedverkar knytta til prosjekt om universell utforming er hjarteleg velkomne🙂
For program og påmelding følg lenkje:

Vi mobiliserer vår samlede kraft mot ett mål - et fritt og likestilt samfunn for alle med funksjonsnedsettelser.

BILETKAVALKADE FRÅ ARRANGEMENT 3. DESEMBER3. desember vart FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne markert med k...
18/12/2025

BILETKAVALKADE FRÅ ARRANGEMENT 3. DESEMBER
3. desember vart FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne markert med kulturarrangement og workshop i Bergen Kjøtt sine lokaler i Skuteviken. Hørselsforbundet Bergen og fylkesstyret var representert. Her er ein biletkavalkade som vi fekk tilsendt frå hoff-fotografen på huset.
Arrangør var FFO Vestland og Bergen i samarbeid med kulturhuset Bergen Kjøtt, BIT Teatergarasjen og prosjektet Tilgjengelighetsløftet som er støtta av Vestland fylkeskommune. Markeringa sette fokus på FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) – særleg: Artikkel 9 om tilgjengelegheit, Artikkel 19 om retten til å leve sjølvstendig og delta i samfunnet, og Artikkel 30 om deltaking i kulturliv, fritid og idrett. Gjennom workshop, samtalar og konsert feira ein mangfald, likestilling og deltaking på alle samfunnsarenaer.
Positivt initiativ dette. Workshop/ gruppearbeidet hadde god struktur og oppgåvene vart opplevd som relevante. Lokalet – tidlegare industrihus med harde betongflater - var utfordrande i høve lyd men pluss til arrangør som hadde sørga for skrivetolk.

16/12/2025

Del gjerne!

Frå boka Det som er no❤️

JULEBREV Takk til alle tillitsvalde i våre 14 lokallag som har bidrege til at 2025 vert eit år å hugse tilbake på med gl...
15/12/2025

JULEBREV
Takk til alle tillitsvalde i våre 14 lokallag som har bidrege til at 2025 vert eit år å hugse tilbake på med glede – stor aktivitet, eit fantastisk engasjement, mykje lys og mykje varme.

Fylkesstyret har også stått på gjennom året. Vi har prøvd å samle trådar. Gjort vårt beste for å koordinere arbeidet i fylket. Arrangert kurs, skipa møter og arenaer for samsnakking, erfaringsutveksling og dialog. Merksemda vår har retta seg både innover i eigen organisasjon og utover til moderorganisasjonen i Oslo, til interessepolitisk arbeid og synleggjering av høyrselssaka i samfunnet. Vi har ei kjensle av at vi på alle desse områda har hatt eit godt samspel med dykk som lokale tillitsvalde. Saman har vi fått til mykje og saman har vi skapt eit godt grunnlag for å ta Hørselsforbundet Vestland vidare inn i 2026.

Når vi ser attende på året som snart er omme, vil eg trekkja fram nokre prioriterte oppgåver og milepælar. Arbeidet med fleire av dei sakene eg kjem til å nemne, er døme på god samhandling og samarbeid mellom fylkesstyret, lokallagsleiarar og lokale tillitsvalde. På enkelte områder er det snakk om viktige og spanande prosessar som er starta opp, og som vi i fellesskap må følgje opp framover. Det gler vi oss til!

Opplistinga nedanfor kan gjerast lengre og mange eldsjeler kunne vore nemnd. Det er stor aktivitet lokalt ikkje minst gjennom lågterskeltilbod som høyrselskafè, likepersonsarbeid og sosiale aktivitetar. Men i denne samanheng, «ingen nevnt, ingen glemt».

KURS FOR NYE TILLITSVALDE
Kurset vart arrangert i to omgangar – eitt kurs i sør-fylket og eitt i nord-fylket. Det er første gong vi har tilbydd ei slik kurspakke. Som kurshaldarar brukar vi eigne krefter frå fylkesstyret. Hensikta er å gi grunnleggjande organisasjonskunnskap til nye tillitsvalde i styrer og utval. Tema som vert tekne opp er: Hørselsforbundet – oppbygging og organisering, målsetting og satsingsområder. Handlingsprogram. Vedtekter. Organisasjonsbok. Styrearbeid. I tillegg er det lagt inn ein eigen bolk om Organisasjonskultur. Tilbakemeldingane har vore gode. Kurset står på planen for 2026. Framleis vil vi prioritere nye, men det vert opning for at også andre tillitsvalde kan melde seg på.

LANDSMØTET
Eit høgdepunkt i 2025 var landsmøtet i Trondheim. Vestland var representert med 10 delegatar. I forkant vart det jobba godt med førebuing og arrangert to kurs for delegatane – eit digitalt og eit fysisk. Det var ein motivert og samkøyrt gjeng som møtte opp ved Nidelven 13.juni. På fleire områder var Vestlandbenken aktive og påverka saksufallet i positiv retning. Vi fekk tilslutnad frå landsmøtet til den saka som var meldt inn frå fylkeslaget – at sentralstyret skal kartlegge nærmare fylkeslaga sine behov for ekstern støtte. Fleire av våre innspel under behandlinga av handlingsprogram og vedtekter vart det teke omsyn til i høve vedtak og ved redigering og sluttformuleringar. Valet ga god utteljing for Vestland i sentrale verv, med Norunn Ulvedal som nestleiar i sentralstyret, Ellinor Hjørnevik som leiar i kontrollkomiteen og Arne Hovland som medlem i valkomiteen.

LIKEPERSONSARBEIDET
Vi har om lag 40 likepersonar i fylket vårt. Ein likeperson er ein person med eigne erfaringar frå spesifikk sjukdom eller funksjonsnedsetjing, eller som pårørande, som tilbyr støtte vegleiing og utveksling av erfaringar til andre i liknande situasjonar. Våre likepersonar er sertifisert ved å ha gjennomgått kurs i regi av Hørselsforbundet. Det er lokallaga som har driftsansvaret for likepersonsordninga, medan fylkesstyret har eit koordineringsansvar. For fylkesstyret er likepersonsarbeidet eit satsingsområde framover. Vi treng betre oversikt over kven som er likeperson, kva områder dei dekkjer (høyreapparat, tinnitus, menièr, CI, store høyrselstap, pårørande, barn, yrkesaktiv), og om geografi/ tilgjengelegheit. Likepersonordninga var tema på organisasjonskurset vårt i september - meint som ein kick-off og starten på ein prosess der fylkesstyret og lokallagsleiarane må jobbe tett saman. Målet er å styrke likepersonordninga, rekruttere fleire og yngre likepersonar, ta vare på likepersonane ved mellom anna å tilby opplæring og arena for erfaringsutveksling. Når det gjeld opplæring er det Hørselsforbundet sentralt som står for grunnopplæring/sertifisering, fylkesstyret har dei siste åra tilbydd motivasjonskurs/ erfaringsutveksling, lokallaga er tettast på sine likepersonar og bør ha sin eigen plan for oppfølging. Saman kan vi få til mykje bra på dette området i 2026. Sjekk siste nytt om likepersonopplæring i 2026 her (nyheitsbrev 12.12): https://cdn.sanity.io/files/ajniw4rx/production/65104f60790d2a56b564c2f36ea88d913290f988.pdf?utm_campaign=website&utm_medium=E-post&utm_source=Nyhetsbrev

REKRUTTERING
Det vart på årsmøtet i 2025 sett ned ei arbeidsgruppe som skal ha fokus på medlemsverving og rekruttering til verv og utval i lokallag og fylkeslag. Gruppa har arbeidd godt gjennom året ved mellom anna å arrangere møte med lokallagsleiarane. Målet er at kvart lokallagsstyre skal ha ein kontaktperson med særskilt ansvar for verving- og rekrutteringsarbeid. Medlemstalet for Hørselsforbundet passerte historiske 70.000 i 2025. I Vestland kan vi notere oss 6349 medlemmer. Det er ein auke på 227 frå same tid i fjor. Takk til alle som har bidratt til å sanke nye medlemmer. Under årsmøtehelga i mars vil fylkesstyret dele ut premie til det lokallaget som har hatt den prosentvis største medlemsauken i 2025. Utan tilsig av nye medlemmer stoppar høyrsel-saka opp. Fylkesstyret ønskjer at arbeidsgruppa held fram med dette viktige arbeidet i 2026/2027.

NYTT LOKALLAG
HLF Odda har over fleire år ikkje hatt aktivitet i laget. Det har ikkje vore avvikla årsmøte i lokallaget sidan 2019; over ein femårs periode har laget ikkje hatt eit styre. Fylkesstyret sitt primære ønske var å hjelpe til slik at Odda lokallag kunne gjenoppstå og halde fram som eige lokallag. Det vart gjort framstøt for å få dette til, men utan at vi lukkast. For å ivareta dei 150 medlemmane tilhøyrande Odda, vart det sett i gong ein prosess for samanslåing med nabo-lokallaget. Etter eit tett samarbeid mellom fylkesstyret, leiar og styret i HLF Kvinnherad og med konsultativ bistand frå Hørselsforbundet, er vi no i mål. Samanslåinga er eit faktum og det nye lokallaget har fått det klingande namnet Hørselsforbundet Folgefonn. Fylkesstyret trur dette vert ei god løysing framover. Folgefonn har allereie hatt medlemsmøte og lokale arrangement. Lykke til! Dette vert bra!

VI ER SYNLEGE
Full honnør til lokallaga som har stått på under den årlege Hvert Øre Teller – aksjonen og elles markert høyrselssaka på lokale festivalar og stemner. Fleire stader har det ført til oppslag i lokalavisa. Så bra! Fylkesstyret har motteke fleire interessante førespurnader gjennom året – noko som tyder på at vi vert lagt merke til. Eg nemner spesielt: Invitasjon til å halde innlegg om høyrselshemming og arbeidsliv på fagdag for verneomboda ved Universitetet i Bergen. Museumssenteret i Hordaland tok kontakt i høve fagdag for tilsette om «lyd på musea» og universell utforming. Kulturhuset Bergen Kjøtt i Bergen og Bergen Internasjonale Teater inviterte til workshop om tilrettelegging for mennesker med funksjonsnedsetjing. Dette er førespurnader som vi har svart positiv på og stilt opp på.

STEIN PÅ STEIN
Fylkesstyret har gjennom året lagt ned mykje arbeid i å utvikle organisasjonen og nedfelle retningslinjer og prosedyre der det er trong for slikt. Mangt og mykje av dette er usynleg arbeid for utanforståande, men som vi klart ser nytten av. Det gjer at vi styrkjer rammene for styrearbeidet og at vi i større grad får person-uavhengige system. Eg nemner gjerne: Bruk av IKT-verktøy, Retningslinjer for styrearbeidet/ styremøter, mandat for utval, retningslinjer for kursverksemd, retningslinjer for økonomi og budsjettarbeid, digitalt arkiv for fylkeslaget.

INTERESSEPOLITIKK
Det er spesielt to saker som vi har hatt merksemd på: ventelisteproblematikken ved Høyrselsklinikkane og den usikre lagnaden til Syns og Audiopedagogisk teneste.
På årsmøtekurset i mars hadde vi innlegg ved leiande audiograf, Haukeland Universitetssjukehus om tenestetilbodet og ventelister.
Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT)vert definert som eit kommunalt oppgåvefelleskap og vert finansiert av til saman 26 kommunar – alle tidlegare Hordalands-kommunar, samt Gulen. Tenesta er lokalisert i Bergen og Bergen kommune har arbeidsgivaransvaret. Då Vestland fylkeskommune trekte ut sin del av finansieringa på 10%, gjeldane frå 1. januar 2026, vurderte Bergen kommune å gå same veg. Det ville bety at tenesta gjekk i oppløysing. Fylkeslaget har gjennom året hatt eit tett samarbeid med Bergen lokallag om denne saka og ein har drive med lobbyverksemd for å hindre at Bergen kommune trekkjer seg ut. Vi har også hatt møter og kontakt med Blindeforbundet og FFO. I skrivande stund, tyder alt på at det under budsjetthandsaminga i bystyret vert løyvd pengar til vidare drift og at SAPT er redda for denne gong.
I tillegg til desse sakene, har tillitsvalde i lokallaga og våre brukarrepresentantar i ulike utval, stått for viktig påverknadsarbeid opp mot politikarar, forvaltning og helsetenester.

Takk for innsatsen i 2025. No gjeld om å halde fram med det gode arbeidet også i 2026. Få gjerne med deg fleire inn i aktivt arbeid for høyrselssaka. Det er mange av oss der ute – kvar femte nordmann har ein høyrselsrelatert vanske – så potensialet for rekruttering er stort. Nyttårsønsket er fleire medlemmer, fleire aktive medlemmer i alle aldrar – ikkje minst er dei i yrkesaktiv alder velkommen inn i styrer, utval og anna lokalt arbeid.

God jul og godt nyttår!

Mvh
Jan Erik Hagesæter, fylkesleiar

HØRSELSFORBUNDET I ALLE KANALAR🙂 Forrige veke tok NRK Vestland opp utfordringar som vi med nedsett høyrsel møter i jules...
09/12/2025

HØRSELSFORBUNDET I ALLE KANALAR🙂
Forrige veke tok NRK Vestland opp utfordringar som vi med nedsett høyrsel møter i juleselskap og i sosiale lag. Leiar i Bergen lokallag Geir Amundsen var gjest i studio. Samtalen mellom journalisten og Amundsen kan du høyre her:
https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-vestland/sesong/202512/DKSF04011825 =1h33m8s

Bla deg fram til innslaget - Tidspunkter - 01:33:08 "Tips til å høyra betre i juleselskap"

DIALOGMØTE MED REPRESENTANTAR FRÅ HØRSELSFORBUDET - dvs sentralstyret og sekretariatet. Endeleg var turen komen til oss ...
06/12/2025

DIALOGMØTE MED REPRESENTANTAR FRÅ HØRSELSFORBUDET - dvs sentralstyret og sekretariatet.
Endeleg var turen komen til oss i Vestland! I dag fekk vi besøk av Elise Nyborg Eriksen, markeds- og kommunikasjonssjef og Torkild Lønvik, 2. nestleiar i Hørselsforbudet. Dialogen omfatta: Rekruttering, aktivitet og samspel, inkludering, kultur og kommunikasjon. Frå fylkesstyret spela vi inn følgjande utfordringar som vi saman bør arbeide vidare med: Støttefunksjonar frå sekretariatet til fylkeslaga - behov for ei kartlegging? (jamfør landsmøtevedtak), Likepersonordninga, Brukarrepresentantasjon i offentlege utval. Informasjon, ordskifte og meningsutveksling - svært nyttig dette. God stemning. Så kjekt med besøk 🙂

Eit kort styremøte vart det også tid til. No er utkast til budsjett for 2026 på plass og rammene for neste års kursplan er lagt. Årsmøtehelga 14. -15. mars er under construction. Følg med! Følg med!

Foto - framme: Elise Nyborg Eriksen, Jan Erik Hagesæter, Torkild Lønvik. Bak: Wenche Hellesnes, Ingunn Vadheim, Norunn Ulvedal, Johannes M Sortland, Arne Hovland.

Ikkje til stades frå fylkesstyret: Borghild Toft, Line Valstad

Hørselsforbundet Vestland arrangerer kurs for deg som har høyrselsutfordringar og er yrkesaktiv, arbeidssøkjar eller stu...
29/11/2025

Hørselsforbundet Vestland arrangerer kurs for deg som har høyrselsutfordringar og er yrkesaktiv, arbeidssøkjar eller student! Kurset er for både medlemmar og ikkje-medlemmar i Hørselsforbundet.

Ver gjerne med å sprei informasjon om kurset, slik at det kan nå flest mogleg som har bruk for det.

Tid: Laurdag 24. januar 2026 kl. 10.00 - 16.00.

Stad: Grand Hotel Terminus i Bergen

Tema: Høyrselsutfordringar og arbeidsliv:
- Kva hemmar og kva fremjar deltaking på arbeidsplassen
v/ Hørselsforbundet
- Informasjon om Syns- og Audiopedagogisk Teneste
- Rettigheitar, moglegheiter og hjelpemidlar v/ NAV hjelpemiddel-sentral, Kokstad

Påmeldingsfrist 19. desember 2025.

For meir informasjon og kursprogram ta kontakt med studieleiar Borghild Toft tlf: 480 57 831.

SEMINAR OM UNIVERSELL UTFORMING - LYD I MUSEAMuseumssenteret i Hordaland arrangerte i dag seminar på Osterøy Museum. All...
20/11/2025

SEMINAR OM UNIVERSELL UTFORMING - LYD I MUSEA
Museumssenteret i Hordaland arrangerte i dag seminar på Osterøy Museum. Alle musea som er organisert under paraplyen Museumssenteret i Hordaland var representert. Veldig positivt at universell utforming vert sett på dagsorden i ein slik samanheng, og at lyd og lydmiljø vert spesielt vektlagt. Naturleg då å invitere inn Hørselsforbudet. Fylkesleiar Jan Erik Hagesæter heldt innlegg om korleis det kan arte seg å høyra dårleg, kva bør takast omsyn til og kva er god tilrettelegging for oss. Det var også innlegg ved Øyvind Karlsen frå Blindeforbundet, Stian Hartvigsen frå Lyd og Telesystemer Bergen, Ellen Risbruna og Cecilie Straagaard frå Tekstilindustrimuseet på Salhus. Ein kjekk og lærerik dag på vakre Osterøy 🙂

TRE WEBINAR SOM TILLITSVALGTE BØR MERKE SEG: Viser til Hørselsforbundets nyhetsbrev som i dag er sendt ut til alle tilli...
14/11/2025

TRE WEBINAR SOM TILLITSVALGTE BØR MERKE SEG:
Viser til Hørselsforbundets nyhetsbrev som i dag er sendt ut til alle tillitsvalgte. Der finner du lenke for påmelding. NB! Korte frister, så her er det vel bare å hive seg rundt?

OPPDATERINGSKURS FOR LIKEPERSONER – meld deg på nå!
Vil du friske opp kunnskapen din som likeperson?
Den 20. november kl. 17.00–20.00 arrangerer vi et digitalt oppdateringskurs som du kan delta på hjemmefra – alt du trenger er PC og internett.

Meld deg på via kurspåmeldingen på “Min side”
Du får tilsendt lenken til kurset på e-post et par dager før oppstart.

SITTER DU I EN VALGKOMITÈ? BLI MED PÅ WEBINAR OM VALGKOMITÈARBEID I FYLKES- OG LOKALLAGENE
Hvordan kan valgkomiteen bidra til å finne de rette personene til verv og sikre engasjerte, velfungerende lag?
Bli med på webinar om valgkomitéarbeid, der vi deler erfaringer, tips og verktøy for å gjøre arbeidet enklere og mer målrettet.

Tid: 11.12.25. Kl. 17:00 - 18:30
Sted: Teams
Påmeldingsfrist: 10.12.25

BLI MED PÅ WEBINAR OM DIGITAL RAPPORTERING OG DOKUMENTASJON FRA ÅRSMØTENE
Årsmøtene nærmer seg, og det er viktig at lagene sender inn riktig årsmøtedokumentasjon. Vi går gjennom hva som skal sendes inn og i hvilket format, samt viser hvordan man lager årsrapporter i vårt system for digitale årsrapporter.

Tid: 11.12.25. Kl. 19:00 – 20.00
Sted: Teams
Påmeldingsfrist: 10.12.25

Adresse

Vestre Strømkai 7-9
Bergen
5008

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hørselsforbundet Vestland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del