SOFA Gjer de me vè - og stolt øve de! SOFA står for Sogn Og Fjordane Alumnklubb. I SOFA tøysar vi og har det gøy, reiser på leir og treffer gamle og nye vener.

Det er 4H-klubben for dei som har fått plaketten, men som ikkje heilt vil gje slepp på 4H-livet! Samtidig gjer vi vårt for å vere trygge (og ikkje minst kule) voksenpersonar og førebilete for unge 4H-spirer. :)

Dersom du vil vite meir kan du kontakte leiaren vår, Maria Kalhagen!

Her er årsplanen for 2026, sett av datoene. Påmelding til Hyttetur opnar neste veke.
12/03/2026

Her er årsplanen for 2026, sett av datoene. Påmelding til Hyttetur opnar neste veke.

Velkomen til Årsmøte og Julebord!22.-23. november er det årsmøte og julebord med SOFA!Velkommen til årsmøte og julebord!...
15/11/2025

Velkomen til Årsmøte og Julebord!

22.-23. november er det årsmøte og julebord med SOFA!

Velkommen til årsmøte og julebord!
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Sogn og Fjordane 4H Alumnklubb laurdag
22. november på Røde Kors-hytta på Langeland. SOFA-styret inviterer alle alumnar
og plakettmottakarar til å vere med på årsmøtet! Saklista finn du lenger nede på sida.

Årsmøte og Julebord
Årsmøtet startar kl. 13.00, med oppmøte frå kl. 12.30 og fram til årsmøtet
begynnar. Årsmøtet er ope for alle alumnar og plakettmottakarar i Sogn og Fjordane, og også for alumnar som ikkje kjem frå Sogn og Fjordane. Berre alumnar og plakettmottakarar frå Sogn og Fjordane har røysterett på årsmøtet.

Etter årsmøtet vert det som vanleg arrangert SOFA-julebord, som skal vere på same staden som årsmøtet. Julebordet startar kl. 18.00. Her kler vi oss opp i finklede, og det vert servert julemiddag og dessert, før det vert litt selskapsleikar og musikk. Etter middagen vert det dans og hygge. Det vert ikkje servert drikke til maten eller etterpå, så de må ta med drikke sjølve (brus, øl, cider eller det du føretrekkjer).

Pris
Under kan du sjå prisane for deltaking. I prisen er mat på julebordet inkludert.

Alumn: 250,-
Plakettmottakarar: 100,-

Det er moglegheit for overnatting dersom ein ønskjer det – hugs då å ta med laken, dyne- og putetrekk.
Fristen for å melde seg på er måndag 17. november.

Kontakt
Har du spørsmål er det berre å kontakte leiar i SOFA.

Med helsing

SOFA-styret ved
Maria Cecilie Nesheim Aardalsbakke
-Leiar

Påmelding : https://4h.no/sogn-og-fjordane/arrangementer/arsmote-og-julebord-sofa-og-plakettmottakarar?instance=0


HYTTETUR SOFA arrangerar hyttetur 9-11.mai. Hytteturen er gratis og alle alumnar og siste års senior er invitert. Vi bli...
17/04/2025

HYTTETUR
SOFA arrangerar hyttetur 9-11.mai. Hytteturen er gratis og alle alumnar og siste års senior er invitert. Vi blir på Nes 8km frå Nordfjordeid. Meir informasjon kjem ved påmelding.

Påmelding i lenka under

https://forms.office.com/r/d5nXU6HjrP

I dag er påmeldingsfrist for hyttetur! Meld deg på før det er for seint!! 🌲🌲🍀
04/11/2022

I dag er påmeldingsfrist for hyttetur! Meld deg på før det er for seint!! 🌲🌲🍀

Det er enno ikkje for seint å melde seg på hyttetur med årsmøte og julebord! Er du plakettmottakar, eller alumn i Sogn o...
24/10/2022

Det er enno ikkje for seint å melde seg på hyttetur med årsmøte og julebord! Er du plakettmottakar, eller alumn i Sogn og Fjordane eller andre 4H-fylke, kan du melde deg på her:

Det nærmar seg hyttetur, årsmøte og julebord for SOFA 2022! Her kjem eit påmeldingskjema du er nøydd til å fylle ut i samband med dette. Det er begrensa med soveplassar på hytta, så det gjeld å vere rask!

No er påmeldinga for Årsmøtet og julebord 2022 endeleg åpna! Denne gong har vi vald å slå saman desse arrangementa med e...
12/10/2022

No er påmeldinga for Årsmøtet og julebord 2022 endeleg åpna! Denne gong har vi vald å slå saman desse arrangementa med ein hyttetur, berre for å kunne tilbringe litt ekstra tid saman! 🍀

Dei aktuelle har fått e-post med nærare informasjon! Er du alumn i ein anna klubb, kan du melde deg på via lenka i bioen! Nærare informasjon vil bli sendt ut etter påmeldingsfristen!🫶🏽

Meld deg på innan fristen fredag 4.november, og sett av heile helga 18-20 november!! Vi i styret gler oss til ei sosial og gøyal helg!💘

30/01/2022

Her blir det kalas i sommar! 💥💥💥🍀

Adresse

Nikolia Astrups V. 40
Vassenden I Jølster
6847

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når SOFA legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til SOFA:

Del