Krokvokst

Krokvokst Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Krokvokst, Møbler, Bø i Telemark.

Levende pil.Er du glad i grøne rom, pil og hage? Pil er ei veldig fin plante til hagen, både for vaksne og barn. Eg har ...
01/04/2026

Levende pil.
Er du glad i grøne rom, pil og hage? Pil er ei veldig fin plante til hagen, både for vaksne og barn. Eg har litt levande pil til hager kvar vår, og sel levende pil i mars/april / mai så lenge lageret rekk!

PRIS PIL: 15 kr per vidje.
Bestill på på epost til [email protected]
Minste bestilling er 400kr.

Pilehytte; 2500kr
Portal: 300kr
Belgisk gjerde; 300kr per meter.

Det beste er om du skriv meg på epost så kan me saman finne ut av kva som er best ifht til ditt planteprosjekt! Som hovudregel sel eg pil til 15 kr stk. Ved bestilling av mykje kan eg gje litt rabatt. Eg har 10 ulike sortar pil, eg gjev råd til val av pil i forhold ditt prosjekt. Vil du sette mange stiklingar til å dyrke pil kan vidjene klippes opp.

Levande pil er tilgjengeleg no og utover! Bestilling til krokvokst@outlook.comPilehytte, belgisk gjerde, portal i pil, s...
31/03/2026

Levande pil er tilgjengeleg no og utover!
Bestilling til [email protected]

Pilehytte, belgisk gjerde, portal i pil, stiklinger til dyrking av pil..

Bilete frå årets pilehøst 🙏🏼🌱

10/03/2026
Ledig plass på kurs;26. April: SeteflettKl 10 .00 – 16.001400kr + 300 kr materiale (sjøgress)Ta med eigen stol/ krakk el...
10/03/2026

Ledig plass på kurs;
26. April: Seteflett
Kl 10 .00 – 16.00
1400kr + 300 kr materiale (sjøgress)
Ta med eigen stol/ krakk eller bestill ein hos Krokvokst på førehand. (send bilete av din stol på epost før kurs.)

Hei! I dag vil eg dele at eg har laga ny heimeside! www.marifm.noNy serie bilete er ute no, du kan sjå film og lese om p...
08/03/2026

Hei!

I dag vil eg dele at eg har laga ny heimeside!

www.marifm.no

Ny serie bilete er ute no, du kan sjå film og lese om prosessen bak her!

"Kvinne med fiskehalar" er akkurat solgt, men det er mange andre bilete tilgjengeleg no. Alle bileta er originalarbeid, ingen print.

Eg hadde mi forrige utstillingsopning på kvinnedagen i fjor, og det var ein veldig fin dag å lansere nye bilete.

Morskap og det å vere kvinne er noko av det eg har utforska mykje i bileta det siste året som eg har gått gravid med Alondra som no er 4. mnd.

Her er utrag frå tekst:

"Elv, kva kviskrar du om i dag?
Det er ein samanheng mellom alt som lever. Denne tematikken er det eg utforskar i bileta. Plantene, insekta, bakteria, soppen, dyra og fuglane, me er alle ein del av eit biologisk mangfald og samspel. Om me menneska skadar naturen, skadar me også oss sjølve, for me er natur."

«Når me tør kjenne og føle på sorga over vår separasjon frå naturen, dukkar det opp fleire kjensler; eit sinne, og til slutt under sorga og smerta: ei lidenskapeleg omsorg og kjærleik. Det er dit eg vil.»

🪲🐝🪷🏵🪺🍂🪽🦅

Artist statement

Ville plantar, vatn som flyt, og venger som lyfter sjela.

Bileta er eksperimentelle samtidsakvarellar, fulle av liv, flyt, levande vekstar og ville vesen. Bileta dreg inspirasjon frå dypøkologien, livskreftene, morskap, vatnet, og den evig foranderlege naturen.

Bakgrunn / om bileta:

Elv, kva kviskrar du til meg i dag?

Når eg fekk born byrja eg meir aktivt å snakke med alt levande kring oss. Denne impulsen vart djupare i koronatida når eg gjekk rundt med ei nyfødt jente i armane, eg gjekk gjennom ei skilsmisse, og prøvde å finne ein veg vidare i livet etter mi mors sjølvmord. Eg ville tvihalde på livet! Og det vil eg framleis. Eg kjente meg heldt av alle fuglane som samla seg i dei gamle frukttrea i hagen. Som om vengene deira verkeleg breia seg kring meg og heldt mitt sårbare ville hjarte. Eg byrja prate med fuglane, plantene, elva, eg følte eg fekk nye svar og visdom, og eg sette opp eit alter ved den gamle hengebjørka.

Liv

Det er ein samanheng mellom alt som lever. Denne tematikken er det eg utforskar i bileta. Plantene, insekta, bakteriane, soppen, dyra og fuglane, me er alle ein del av eit biologisk mangfald og samspel. Om me menneske skadar naturen, skadar me også oss sjølve, for me er natur. Bileta er ei utforsking av livskreftene i naturen og i oss menneske, og eg utforskar korleis me er knytt saman i ein større heilskap.

Eg kjenner ei sterk identifikasjon med andre ikkje menneskelege vesen som plantar insekt og dyr. I bileta dukkar det ofte opp ville plantar, kroppar, vatn som flyt, kvinner i mange skikkelsar, spirer, knoppar, røter og jord. Det er eit mangfald av livsformar som alle er knytt saman. I naturen er det økosystema med størst biologisk mangfald som er mest resiliente ovanfor kriser. Likevel dyrkar me mest monokultur på jordene våre, men også i samfunnet og kulturen. Me har så mykje å lære frå naturens mangfald og økosystem.

Alt flyt.

Vatn som flyt er eit symbol og tematikk som går att i bileta. Alt liv er prega av kontinuerleg forvandling, rørsle og transformasjon. Endring er ein grunnleggande del av tilhøvet. Alt levande inneheld vatn. Alt flyt, og me er også vatn. Nokon gangar ei me i ei stille mektig elv, ein djup innsjø, me kan vera regnet som piskar ein kald novemberkveld, ein mektig foss i ein fjord, eller sildrande fjellbekk om våren. Me er havet, eller tåka som legg seg over tjernet i skumringa. Har du tenkt på at tårene du fell kanskje har vore inni magen til reinsdyret? Vatnet er i oss alle.

Teknikk.

Bileta er eksperimentelle samtidsakvarellar med innslag av ink og pastell. Dei flytande vannfargane er eit medium ein ikkje kan ha full kontroll over. For meg er det intuitiv leik, flyt og fridom.

Morskap.

Eg er mor til 3 jenter. I bileta utforskar eg ofte morskap, og det å vere kvinne i dag. Me tar opp potet saman i kjøkkenhagen. Liv Jorunn på 7 held ein mark varleg i handa, og Linnea på 2 snakkar med edderkoppen. Eg tenkjer på alt det skjulte livet som finst i det mørket poteten veks i, at settepoteten har blitt seig og rotnar, mens alle dei nye potetene ligg fine og friske i bytta. Det kan kjennest slik å vere mor. Bakteriane, småkrypa og soppen transformerer settepoteten til ny næring.

Soppen i jorda hjelp trea og plantene å ta opp næring frå jorda. Kjære sopp, hjelp meg med å halde kontakten med alt det levande, du som kan dette best, å transformere det usynlege der nede i komposten.

Jentene er ofte med og målar. Dei skaper kaos, mor ordnar. Det kan også vere omvendt, men borna gjer at eg mistar kontroll, og nett dét er viktig. Total kontroll er døden over eit verk. Og eg tenkjer kunsten skjer der i balansen mellom desse to, orden og kaos. Slik er det i livet også. Men det er mest liv nær kaos.

Livskreftene.

Kva er det som gjer at frøet spirar? Det må vere ei slags kraft der. Det er noko som vil liv. At frøet vil spire. Det er så forunderleg vakkert og magisk.

Me lev på ein levande jord, jorda er ein del av vår eigen kropp, og me er også jorda. Alt heng saman med alt. Livet strøymer ut frå same kjelda, og alt flyt.

Det landar ei raudstrupe på fuglebrettet. Eg elskar denne fuglen. Når eg ser ho lette flyg eg med henne, eg blir henne i tankane, eg flyg vekk frå meg sjølv, og døyr for ein augneblink. Eg lev i denne fuglen, og ein del av denne fuglen vil også bli ein del av mine døtrers kroppar, fordi eg veit at me er skapt av denne jorda, slik mine mors hender var skapt av denne jorda. Eg kan også vera løvetanna, marken i komposten, ein sildrande fjellbekk, eller den gamle rosebusken utanfor døra, full av knoppar. Eg vil berre vente på vårsola, ingenting meir. Suge næring frå den mørke jorda full av usynleg liv. For det er her bileta kjem frå. Eg veit det.

Det kviskrar til meg gjennom jordas skapningar, og eg lengtar etter å snakke med deg, du som også er skapt av denne jorda. Eg vil lytte mens me snakkar saman om det me veit; ljoset er i oss, varmen og kjærleiken.

Kvifor skape kunst i ei verd full av kriser?

Eg tenker det er djupt meiningsfullt å tørre å kjenne etter, føle, vera, og skape noko sårbart og menneskeleg i vår tid. Me er natur. Og me må tørre å kjenne på smerta over korleis me øydelegg naturen og kvarandre. I vårt samfunn er me fanga i ei kjensle av overhengande kollaps, og psykisk paralyse i å annerkjenne det. Å kjenne på økosorg og fortviling i ein slik kulturell setting kan bringe ei kjensle av isolasjon og resignasjon, for den psykiske dissonansen og kontrasten mellom desse kjenslene og «business as usual» er så stor. Det krev eit enormt mot å tørre å føle på vår sårbarheit, men me kan finne fellesskap i kunsten, i bileta eller songen, for kunsten kan det heilt avgjerande; å røre sjela og lyfte den.

Når me tør kjenne og føle på sorga over vår separasjon frå naturen, dukkar det opp fleire kjensler; eit sinne, og til slutt under sorga og smerta: ei lidenskapeleg omsorg og kjærleik. Det er dit eg vil.

I evig takksemd.

Mari

Kurs våren 2026!Påmelding til krokvokst@outlook.com. på alle kurs.MARS9. Mars: Kurs i Korg med trehandtak. (fullt)28 . –...
27/02/2026

Kurs våren 2026!
Påmelding til [email protected]. på alle kurs.

MARS
9. Mars: Kurs i Korg med trehandtak. (fullt)

28 . – 29. mars: Dugnad klippe pil. (ta kontakt for meir info, om du er interessert i å vera med.)

APRIL
11. April.
Workshop Tyrifjord Hotell, Norsk husflidslag. (fullt)

24 . April. Katalansk fat.
Kl 17.00 – 20.00
600kr inkludert materialer.

25. April: Pileflett: veske/ korg
Kl. 10.00 – 1800
1600 kr + materialar 300kr (lunsj inkludert)

26. April: Seteflett
Kl 10 .00 – 16.00
1400kr + 300 kr materiale (sjøgress)
Ta med eigen stol/ krakk eller bestill ein hos Krokvokst på førehand. (send bilete av din stol på epost før kurs.)

MAI
8. Mai : Pileflett: Korg/ veske.
kl 10.00 – 18.00.
1600kr + materiale 300kr (lunsj inkludert)

9. Mai: Neverboks
kl 10.00 – 17.00
1700kr + 250 kr materiale. (Lunsj inkludert)

10. Mai: Skeispikking
10.00 – 16.00.
1500kr (med materialer og lunsj inkludert.)

22. – 24. Mai: Krakk kurs
Fredag 16.00 – 20.00, Laurdag 10.00 – 16.00, Søndag seteflett 10.00 – 16.00
3500kr for heile helga.
Materiale og lunsj på laurdag og søndag inkludert.

JUNI
5. – 6. Juni: 2 dagers kurs i Pileflett.
Du kan lage runde eller ovale korger.
Fredag kl 17.00 – 21.00, Laurdag kl 10.00 – 17.00
2500 kr inkludert lunsj. Materiale 300kr.

7. Juni: Seljebark
kl 10.00 – 1600
1300kr, materialer 250kr.

20. – 21. Juni: Katalanske korger.
kl 10.00 – 16.00 Begge dagar
2500 kr med lunsj inkludert. Materialer 300kr.

Hei! No har eg lagt ut ny kurskalender for våren 2026! Send ein epost om du vil sikre deg ein plass! Les meir på www.kro...
27/02/2026

Hei! No har eg lagt ut ny kurskalender for våren 2026!
Send ein epost om du vil sikre deg ein plass! Les meir på www.krokvokst.no

Mange nye korger i nettbutikken i dag! Sjekk ut www.krokvokst.no Dette blir siste oppdatering av butikken på ein stund, ...
29/09/2025

Mange nye korger i nettbutikken i dag!
Sjekk ut www.krokvokst.no

Dette blir siste oppdatering av butikken på ein stund, for venter nytt liv i oktober🪺💗

07/04/2025

Adresse

Bø I Telemark

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Krokvokst legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Krokvokst:

Del

Type